Retten til å kunne lese dei bøkene du sjølv ynskjer er ikkje sjølvsagt. Kanskje tenker du at omgrepet «forbodne bøker» høyrer fortida til? Det er dessverre ikkje slik.
Også i dag blir bøker tatt vekk frå pensumlister, sensurert eller forbodne. Forfattarar, illustratørar og journalistar blir trua og forfølgde. I USA har vi sett ei bratt stigning i tal på sensurforsøk dei siste åra, og i 2023 blei over 4240 forskjellige titlar prøvd fjerna frå amerikanske bibliotek. Nærmare halvparten av bøkene representerte stemmene og tematikken til LHBT+ og minoritetsforfattarar.
I Norge har vi hatt fleire døme på sensur opp gjennom år. Du kjenner kanskje til rettsprosessen mot Agnar Mykle og boka “Sangen om den røde rubin”? Boka vakte oppstyr blant anna fordi den hadde dristige seksualskildringar, og den vart konfiskert og forboden i 1957. Ein anke i Høgsterett førte til at forlaget og forfattaren vart frikjent att i 1958.
Lesetips frå universitetet i Oslo
Døme på nyare utgjevingar som har blitt sensurert av ulike årsaker:
- Genderqueer av Maia Kobabe
- All Boys aren’t blue av George M. Johnson
- Eg får aldri sjå verda igjen av Ahmet Altan


