Lesebingoen for vaksne lesarar har nok ein gong ført til nye og spennande leseopplevingar for deltakarane. Det er levert inn 34 skjema for Sommarlesbingo 2025, og det er stor variasjon i tema, forfattarar og utgjevingsår. Vi har fått mange fine tilbakemeldingar om bøkene, som spenner seg frå Tove Jansson, George Orwell, Amalie Skram, til Aina Basso, Hilary Mantel og Margaret Olin.
Det er no trekt 3 heldige vinnarar som får ein koseleg premie: Bringebærbobler, urtesalt, bøker og eit lite, hekla bokmerke. 1.premien får også eit herleg, mjukt ullpledd.
- premie: Stine Bortheim
- premie Solveig Helene N. Geithus
- Eili Sidsel Slåtten
Vi gratulerer så mykje!
Lesetips frå deltakarane:
Fiskehuset av Stein Torleif Bjella
Ei kompakt og genial historie. Vakker, underfundig og upretensiøs med mykje komikk. Boka tilbyr og kunnskap om fiske i fjellvatn.
O bli hos meg av Lene Ask
Interessant historisk og ga eit godt innblikk i ulike sider av misjonbarna sine opplevingar. Rørande.
Odelskam av Maria Lavik
Liv og historie i ei vestlandsbygd. Generasjonsskifte og tru og tvil om framtida.