Førde bygdebok band I og II, utgjeve 1990 og 1992, er framleis eit praktverk om Førde si historie. Det omfattar både generell historie og gards-/slektshistorie. Finn Borgen Førsund var redaktør og forfattar av begge banda, men hadde stor hjelp frå Sogenemnda i Førde og andre personar for å hente inn opplysningar og sjekke kjelder. Kommunen har eit stort lager av bøkene, og vi tilbyr no å få eit eksemplar av begge banda. Kanskje ei fin julegåve til dei som har alt? Bøkene kan du få ved å besøke Førde bibliotek eller spørje etter dei i resepsjonen på Førdehuset. I første omgang er dei til utdeling fram til nyttår.
