Fagjuryen i NRK har plukka ut seks bøker som kandidatar, og no blir det opp til ein folkejury å velja vinnar.
Her er dei nominerte til Lyttarane sin romanpris 2025:
- «Svalene sover på månen» – Susanne Christensen
- «Sjelesorg» – Dag Johan Haugerud
- «Himmelens krystall» – Gaute Heivoll
- «Om tingenes natur» – Merethe Lindstrøm
- «Du er hjemme nå» – Per Petterson
- «Gustav» – Marte Magnusdotter Solem
Slik vert vinnaren kåra:
Ein fagjury, som består av bokkritikarar og litteraturjournalistar i NRK, nominerer seks norske romanar som er gjevne ut i 2025. Ei folkejury diskuterer deretter bøkene i radioprogram leia av Hans Olav Brenner. Over 300 leseglade meldte seg til juryteneste, og blant dei er fem valde ut til å representere folket.
Diskusjonane blir sende på NRK Radio og NRK P2 frå måndag 2. til fredag 6. mars 2026. Til slutt står vi att med éin vinnar.
Les meir om forfattarane og bøkene på nrk.no.
