Er du av dei som framleis brukar cd-spelar og ser film på dvd? Vi har rydda på biblioteka og sel no unna både brukte og ubrukte cd-plater og filmar. Dei er plassert på eit bord utanfor hovudinngangen til biblioteket. Du kan betale med vipps eller kort. Kr 10 pr. stk.
- Klassisk musikk
- Norsk pop/rock
- Viser
- Folkemusikk
- Diverse dvd-filmar
Mange set pris på å ha noko fysisk i hylla – anten for nostalgien, samlargleda eller fordi det gir ei heilt eiga oppleving. Kanskje finn du favorittalbumet ditt eller ein film du har sakna? Veldig kjekt om nokon ser seg bruk i desse, så slepp vi å kaste dei! NB! Vi har sjekka for striper og ev. skader, men det er ingen garanti.



