Sola har snudd og vi merkar at dagane har vorte ljosare. Herleg!
Januar er den perfekte månaden til å byrje forkultivering av tomatar.
I år har vi mange ulike sortar å velje mellom, og dei ligg klare for utlån i frøbiblioteket.
På kvar frøpose står namnet på sorten og kort om korleis dei skal såast og stellast.
Vi erklærer herved årets dyrkesesong for opna!


