Viksdalen bibliotek blir “nytt”

Det er stor aktivitet på biblioteket på Bygdetunet i Vikja for tida! Det skal bli plass til ungdomsklubb i lokala og biblioteket vil få ei oppgradering i fargar og form. Mens måling og slikt skjer vil boksamlinga vere nedpakka og biblioteket blir stengt ei stund framover vinteren. Bøker kan framleis leverast i bokkasse på butikken.

Om nokon er heilt i beit for lesestoff kan ein låne på dei andre biblioteka i kommunen. Nyåpning er truleg i mars, dette vil bli annonsert når ein ser kor fort arbeidet blir gjort.