Vinterlesbingo er ein uhøgtidleg “konkurranse” for vaksne lånarar over 15 år. Vi ynskjer å inspirere unge og vaksne til å bruke tida fram mot påske til å lese mange gode bøker. For å delta må ein ha fylt, eller fylle, 15 år i 2026. Vinterlesbingo er i år eit samarbeid mellom Sunnfjord bibliotek, Førde vidaregåande skule og Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde.
Dei som har vore med tidlegare veit korleis dette fungerer, men her er det du må gjere for å vere med:
- Fyll inn forfattar og tittel på boka du har lese.
- Du kan berre bruke ei bok ein gong.
- Du kan fylle ut rader både loddrett, vassrett og diagonalt.
- Dess fleire utfylte rader, dess fleire vinnarsjansar.
Lever inn skjemaet og bli med i trekkinga av fine premiar!
Frist for å levere inn skjemaet til biblioteket ditt er 31. mars 2026
Du kan levere skjemaet:
På alle dei seks biblioteka i Sunnfjord kommune
På biblioteket på Førde vidaregåande skule
På biblioteket på Høgskulen Vestlandet, Campus Førde.
Du kan laste ned skjemaet her frå nettsida eller gå innom eitt av biblioteka i Sunnfjord kommune, få skjema på biblioteket på Førde vidaregåande skule eller på biblioteket på Høgskulen.
Tvi, tvi – og kos deg lesinga!
