Påskelesing for små og store

Påska nærmar seg, og for mange av oss betyr det éin ting: tid til å lese! Krim har fått ein heilt eigen plass i norske påsketradisjonar – anten ein sit i solveggen på hytta eller nyt ei roleg stund heime i sofaen. Her kjem våre beste tips til påskelesing for både vaksne, barn og ungdom


🔍 Kvifor les vi krim i påska?

Påska gir oss ro og litt ekstra tid – og då passar det perfekt med ei bok som både engasjerer og underheld. Krim inviterer oss inn i mysterium vi kan prøve å løyse sjølve, og gir akkurat passe mykje spenning til late fridagar. Det er noko eige med å vere sofadetektiv når ein har god tid.


📚 Påskekrim for vaksne

Jørgen Jæger – klassisk, drivande krim i vestlandsmiljø

Jørgen Jæger er eit sikkert val for dei som vil ha intens spenning og gode karakterar. Bøkene hans har i tillegg fått nytt liv gjennom TV‑serien Mord i Sogn, der vi møter politietterforskarane Ole Vik og Cecilie Hopen. Serien – og bøkene – balanserer vakker vestlandsnatur med dramatiske hendingar som rører ved både tillit, makt og småsamfunnsstrukturar. Perfekt for dei som vil lese noko tempo og driv i.

Martin Baldysz – Stille grender – historisk krim frå Sunnmøre

For dei som vil ha noko mørkare og meir stillferdig, er krimboka Stille grender eit fantastisk val. Her er vi på Sunnmøre i 1902, der ei ung kvinne blir funnen drepen i ei avsides fjordbygd. Etterforskaren Johan Ryer og systera Sonja prøver å løyse saka, men den verkelege styrken i boka ligg i stemninga: tilbakehaldne bygdefolk, gamle maktstrukturar og ei kjensle av uro som kryp inn under huda.

Lene Lauritsen Kjølner – feministisk kosekrim

Vil du ha noko lettare? Då er Kjølner sine bøker midt i blinken. Med privatdetektiven Olivia Henriksen i hovudrolla får du humor, sjarm og mysterium frå norsk skjergard. Dette er feelgood-krim som passar for alle som vil ha noko underhaldande utan for mykje dramatikk.


🐤 Bøker for barn og ungdom

Marianne Gretteberg Engedal – Pølsetjuven

Tre bøker om Kjell, som eigentleg ikkje vil vere tjuv – men som stadig rotar seg opp i små mysterium. Morosamt, rampete og akkurat passe spennande for dei yngste. Perfekt til høgtlesing.

Jørn Lier Horst –  Detektivserien nr. 2  for storlesarane våre!

For barn i «slukealderen» er denne serien eit funn. Korte, engasjerande detektivhistorier der barna sjølve kan vere med og løyse gåtene. Her er det mange bøker å velje mellom – og mange timar med leseglede.

Stian Hafstad – Minnetyven

Frå vårt eige Førde kjem ei spennande og actionfylt sci-fi-forteljing. Minnetyven handlar om identitet, minne og kva som skjer når noko viktig blir borte. Her er det robotar, fart og mykje driv – ei super bok for mellomtrinnet og ungdom.

Tore Aurstad – Haugskrømt

Ei mørk og suggererande teikneseriehistorie som byggjer på gamle segner. Overnaturlege element, skumle krefter og ekte påskestemning! Perfekt for ungdom – og faktisk like spanande for vaksne. Ei bok som viser at god ungdomslitteratur passar for alle.


🐣 Arrangement i påskeveka

Sunnfjord kommune har seks bibliotek, og fem av dei held ope i påskeveka. Vi kan også gle oss over at biblioteket i Viksdalen opnar igjen på onsdag, etter å ha vore stengt sidan desember – perfekt tidspunkt for å sikre seg påskelektyre!

På Førde bibliotek:

  • Strikk og lytt – påskekrim (mandag kveld)
    Ein roleg og koseleg måte å kome i påskesteming på.
  • Påskeeggjakt for dei minste.

På Sande bibliotek:

  • Familiequiz med fine premiar!
    (Ja, mandag kveld!)

🌼 God påske – og god lesing!

Vi vil gjerne oppmode alle til å bruke biblioteka i påska. Enten du vil ha drivande krim, koseleg mysterielitteratur eller gode bøker for barna – så har vi noko for alle.

For det finst verkeleg ei påskebok for alle.