Sunnfjord bibliotek informerer om at Norsk bibliotektransport AS har meldt konkurs. Som følgje av dette er all transport av bøker og anna materiale mellom bibliotek på tvers av kommunegrenser mellombels stoppa.
Fjernlån og innlån frå andre bibliotek vil være heilt eller delvis utilgjengeleg frå Sunnfjord bibliotek i ein periode.
For Sunnfjord bibliotek vil dette bety:
– at det ikkje er mogleg for private å bestille lån frå andre bibliotek gjennom Biblioteksøk
– fjernlån frå andre bibliotek
– retur og vidareformidling av materiale mellom bibliotek
-lånarar kan ikkje returnere bøker som ikkje er lånt ved eit av biblioteka i Sunnfjord kommune til våre bibliotek
-purringar og forhandsvarsel knytt til innlevering av materiale lånt i Sunnfjord bibliotek vil gå som normalt.
Situasjonen er usikker, og det er enno ikkje avklart når transporttenesta eventuelt kan kome i gang igjen, eller om det vil bli etablert ei alternativ løysing.
For publikum betyr dette at:
– bestillingar av fjernlån kan bli forseinka eller ikkje gjennomførte
– leveringstider er usikre
– biblioteket har avgrensa moglegheit til å skaffe materiale frå andre bibliotek i perioden framover utover kommunegrensa.
– bøker lånt ved andre bibliotek (anna kommune) kan ikkje returnerast via Sunnfjord bibliotek.
Alternative løysingar:
– det kan være digitale tenester tilgjengeleg til den fysiske boka.
– ta kontakt med ditt lokale bibliotek og spør om tilsvarande titlar eller anna relevant materiale.
Sunnfjord bibliotek følgjer utviklinga tett, og vil halde publikum orientert så snart det ligg føre meir informasjon. Vestland fylkeskommune og Nasjonalbiblioteket arbeider saman med dei andre fylka for å få på plass ei løysing for transport mellom biblioteka så snart som råd. Vi ber om forståing for situasjonen og dei ulempene dette kan medføre.
For spørsmål, ta gjerne kontakt med oss i bibliotek@sunnfjord.kommune.no.
