Drop-in datahjelp
Kanskje tykkjer du det er vanskeleg å logge deg inn på helsenorge.no, ha dialog med Sunnfjord kommune, NAV, kjøpe billettar eller finne informasjon frå Skatteetaten?
Frå 19. februar vil 2 rettleiarar tilby gratis datahjelp kvar torsdag på Førde bibliotek. Her kan du få éin-til-éin rettleiing i det du lurer på om bruk av smarttelefon, nettbrett eller datamaskin. Tilbodet er for alle som har behov for litt rettleiing i den digitale kvardagen, og skal bidra til at du blir tryggare og meir sjølvhjelpen i digitale løysingar på mobil, nettbrett eller PC.
Du kan til dømes få hjelp til å:
- finne informasjon på nettet
- bruke appar på mobilen og nettbrett
- kjøpe bussbillett
- Vipps
- QR-kodar
- bestille time hos fastlegen
- bruke BankID
- få hjelp med e-post og utskrifter
Ta med mobilen og/eller nettbrettet ditt. Ingen spørsmål er “dumme” og vi tykkjer det er kjekt om vi kan hjelpe deg!
VIKTIG: Del aldri kodar og passord med andre – heller ikkje med rettleiarar i datahjelpa.
Tilbodet varer i første omgang fram til påske.Ta kontakt med biblioteket om du har spørsmål. Tlf. 57721909. E-post: bibliotek@sunnfjord.kommune.no
