Fotografen – i krig og kjærleik

Dato

Tid

Stad

Førdehuset
Henning Wernøe (1909 -1945) var ein ung mann med lidenskap for foto og film. Han elska familien sin meir enn noko anna i verda, men i krigsåra valde han å forlate heimen og slutte seg til motstandsbevegelsen. Han kjempa for framtida til barna sine, og slik mista han livet.

Filmen vert presentert av regissør Frode Fimland som også har med seg Kjell Ove Noreide, som er forfattar av boka «Den svarte fredagen», som handlar om luftkampane over Sunnfjord 9. februar 1945. Etter filmen blir det kringle og kaffi på Førde bibliotek for dei som ynskjer det.

Om filmen:
Kjell Wernøe og søstera Reidun vaks opp utan ein far. No må dei verte kjent med han gjennom 16mm-filmane og stillbilda han etterlet seg, og prøve å forstå valet hans. Filmen gir eit unikt og nært perspektiv på dei mest dramatiske åra i moderne Norgeshistorie – sett frå kameraet til ein heilt vanlig nordmann, ikkje av tysk propaganda eller gjenskapingar i ettertid. I filmen får vi sjå Henning Wernøes eige filmarkiv frå den mest dramatiske tidsperiode i moderne tid – frå 1930-talet og fram til Wernøe fall i kamp for Bjørn West, kun få dagar før krigen tok slutt.

Filmens bodskap om å kjempe mot totalitære system – utan å hate det enkelte menneske – er dessverre like aktuelt i dag som det var for Henning Wernøe på 1940-talet. Forutan arkivopptaka vert vi kjent med Wernøe sine etterkommarar inn i notida- Mellom anna barnebarnet Astrid som har hatt en bestefar i Bjørn West (Henning) og en bestefar i Wehrmacht, på Vestlandet under krigen.

Frode Fimland står bak populære dokumentarfilmar som SØSKEN TIL EVIG TID, JOHN – DEN SISTE NORSKE COWBOY og EI ØY i ei anna tid. Hans nye film er både ei forteljing om den norske motstandskampen og ei historie om ein familie som vart øydelagt av krig – med det unike arkivmaterialet Henning Wernøe etterlet seg som fellesnemnar og bindeledd.