Gløymde røyster – kvinnelege forfattarar frå Sunnfjord
I Sunnfjord finst ein rik, men lite kjend litterær arv av kvinnelege forfattarar, skribentar og kulturformidlarar frå 1600-talet og fram til mellomkrigstida. Førde bibliotek og Førde historielag ynskjer denne kvelden å løfte fram nokre av desse gløymde røystene i litteraturhistoria vår.
Frå salmediktaren Ingeborg Andersdotter Grytten på 1600-talet, til folkeminnesamlaren Nikka Vonen og husstellæraren Marie Amalie Landmark på 1800-talet, finn vi ei rekkje kvinner som med dikt, folkeminne, lærebøker og artiklar har sett spor i norsk litteratur- og kulturhistorie. Felles for dei alle er at dei skreiv fram kvardagsliv, tru og samfunn frå eit kvinneleg perspektiv – ofte i motvind, og ofte utan den anerkjenninga dei fortente.
Arr. Førde bibliotek, Førde historielag.
Gratis arr. Velkomen!
