
Team Berlin – Roger Sevrin Bruland
Nordfjordingen Roger Sevrin Bruland (f. 1977) var som NRKs Europa-korrespondent med base i Berlin tett på både sjukehuskaoset i Italia og krigens gru i Ukraina. Han formidla den brutale røyndomen rett inn i norske heimar – usminka og nær. No har han skrive boka “Team Berlin, Europa-korrespondent 2019-2023”
På Førde bibliotek vil Roger Sevrin Bruland fortelje om tida han var korrespondent og lese nokre utdrag frå boka. Det vert høve til å stille spørsmål og kjøpe boka. Signering.
Team Berlin er ei rå og usminka skildring av Europa i unntakstilstand. I februar 2020 ramma det dødelege koronaviruset Europa. To år seinare, i februar 2022, invaderte Russland Ukraina. På berre to år opplevde Europa dei største krisene sidan andre verdskrigen. Hausten 2025 er pandemien over, men krigen held fram. Millionar har mista livet.
I denne rikt illustrerte boka fortel Bruland om møta med menneske, både dei utan makt og dei som sit med makta, på reiser i eit Europa i unntakstilstand. Han skildrar også korleis han bygde eit lag som leverte journalistikk i verdsklasse. Sidespor tek oss til Balkan, Thailand – og heim til Nordfjord.
Gratis arr. og ope for alle. Velkomen!

Bilete frå sjukehus.