Bokkasse

For å bestille ei bokkasse til ei skuleklasse eller ein barnehage tek du kontakt med oss på bibliotek@sunnfjord.kommune.
Vi treng informasjon om:

  • Kva klassetrinn det gjeld
  • Kor mange det er i klassa
  • Kva lånekort skal bøkene lånast ut på og namn på lærar
  • Barnehagar har gjerne lånekort med ulike avdelingar

Fortel oss gjerne om det er spesielle ynskjer eller behov vi skal ta omsyn til, og om de vil ha både skjønnlitteratur og faktabøker.
Bokkassene vert gjort klare i biblioteket, men må hentast og leverast tilbake av barnehagen eller skulen sjølv. Lånetida for bokkasser er 3 månader.

Klassesett

Treng du fleire eksemplar av same boka, til dømes til ei heil klasse, kan du bestille klassesett. For å finne ut om ei bok finst som klassesett kan ein søke i basen til Depotbiblioteket. Dersom du vil bestille klassesett sender du e-post til bibliotek@sunnfjord.kommune.no.
Vi treng informasjon om:

  • Kva klassesett de ynskjer
  • Kor mange bøker de vil bestille
  • Kva lånekort skal bøkene bestillast på og namn på lærar

Utlån av klassesett er no ei teneste frå Nasjonalbiblioteket ved Depotbiblioteket, og er avslutta som teneste frå Vestland fylkeskommune. No går utlån via det lokale folkebiblioteket, men det er  frivillig om folkebiblioteket vil tilby denne tenesta til skulane i sin kommune. Sunnfjord bibliotek tilbyr denne tenesta til skulane.