Frøbibliotek

Det å jobbe i hagen er bra både for den fysiske og psykiske helsa – og så er det gøy! Det å så frø sjølv – og sjå planten spire og vekse, er utruleg kjekt. Difor bestemte Sunnfjord bibliotek seg for å tilby frø til låns. Vi samarbeider med Førde hagelag, som gjev oss gode tips og har arrangement på biblioteka. Du kan også levere inn frø du har til overs.

På denne sida har vi samla svar på ofte stilte spørsmål om frøbibliotek-tilbodet.

Kva er eit frøbibliotek?

Eit frøbibliotek er eit tillitsbasert tilbod som er meint å inspirere og gjere det enklare for alle å dyrke sjølv. Du kan hente frø gratis på biblioteka og levere tilbake frø du har sanka sjølv. Du kan også levere inn kjøpefrø som du ikkje har brukt, slik at andre kan få gleda av å så og plante ut blomar eller grønsaker.

Vi starta med frøbibliotek februar 2023 på hovudbiblioteket i Førde. Der samarbeider vi med Førde Hagelag, som har samla masse god informasjon for den nysgjerrige gartnaren i ein perm på biblioteket. Sommaren 2023 kom frøbiblioteket på Sande, og i 2024 utvida vi tilbodet til alle biblioteka våre.

Kor finn eg frøbiblioteket?

Alle biblioteka i Sunnfjord har eit lite frøbibliotek.

Frøbiblioteka i Førde og på Sande er i arkivskap som dette. Foto: Anna Sambor/Sande bibliotek
I Naustdal, Vassenden, Viksdalen og på Skei finn du frøbiblioteka i små boksar. Foto: Torunn Rygg/Førde bibliotek

Kva finn eg i frøbiblioteket?

Kvart frøbibliotek har ulik sortiment av frø – det kjem an på kva vert levert av lånarane. Vi plar å ha erter, salat, tomatar, blomar og mykje meir!

Lån og levering av frø

Du finn eit lånehefte/”frøbok” ved kvart frøbibliotek. Der kan du registrere både lån og levering av frø.

  • For å låne: Du vel nokre frøposar, skriv inn lånenummer og kva du har lånt og tek frøa med deg heim. Legg gjerne igjen ei helsing i frøboka vår!
  • For å levere sjølvplukka frø: Du legg frøa dine i eit kaffifilter, skriv kva det er utanpå og ca. tal frø. Legg kaffifilteret med frøa i “Innlevering”-skuffen. Skriv ned lånenummeret og kva du har levert inn i frøboka.
  • For å levere kjøpefrø: Legg “kjøpeposen” med frø i “Innlevering”-skuffen. Skriv ned lånenummeret og kva du har levert inn i frøboka.

Merk at vi ikkje tek imot frø som er på Forbudslista!

Fleire spørsmål?

Ved generelle spørsmål kan du ta kontakt med biblioteket på e-post: bibliotek@sunnfjord.kommune.no. Har du spørsmål om frøbiblioteket, kan du ta kontakt med <a href="http://"mari.hjelmeland.ostensen@sunnfjord.kommune.no" frøbibliotekansvarleg Mari Østensen.